Ankesaka

Sunday, 13 September, 10:13

Nyheter om Ankesaka

NRK - 23 feb 26 kl. 06:10

I dag startar Ankesaka om Førdefjorden

I dag møter miljørørsla og Nordic Mining kvarandre i retten nok ein gong. Miljøvernarane ønsker å få stoppa gruvearbeidet i Vevring i Sunnfjord fram til høgsterett har teke ei endeleg avgjerd om den vidare drifta ved Førdefjorden. Miljørørsla tapte saka i tingretten og anka vidare til lagmannsretten.

NRK - 23 sep 25 kl. 05:37

Babyar bytta om - rettssak startar i dag

I dag startar Ankesaka etter at to babyar blei forbytte på fødestova i Herøy i 1965. Først i vaksen alder blei dei klare over kva som hadde skjedd, medan styresmaktene hadde visst om forbyttinga i mange år. Babyane og ei av mødrene gjekk til sak for brot på menneskerettane, men tapte i fjor haust, og saka skal no opp igjen.

NRK - 02 jul 25 kl. 17:32

Arne Bye varetektsfengsla i åtte nye veker

Den tidlegare kommuneoverlegen meiner han ikkje er straffskuldig og bad om å bli lauslaten. Tingretten forlenga likevel varetektsfengslinga med åtte veker. Bye ønsker å bli lauslaten og tekker tilbake alle tidlegare tilståingar.

NRK - 02 jul 25 kl. 10:16

Arne Bye trekker alle erkjenningar

Den tidlegare kommuneoverlegen på Frosta, Arne Bye ønsker å bli lauslaten frå varetektsfengslinga og stadfestar at han trekker alle tidlegare erkjenningar. Det kom fram då han onsdag blei framstilt for ny varetektsfengsling. Han seier han ikkje får førebudd seg godt nok til Ankesaka når han sit i varetekt.

NRK - 22 apr 25 kl. 10:05

Jan Helge Andersen nektar straffskuld for drapet i Baneheia

Andersen blei dømt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen i Sør-Rogaland Tingrett i fjor. Andersen anka dommen. Ankesaka mot han startar i Gulating lagmannsrett i dag.

NRK - 12 feb 25 kl. 10:50

Ber om 20 års fengsel i Omegle-saka

Aktor ber om 20 års fengsel i Ankesaka til det som er ei av Noregshistoria sine største overgrepssaker på nett, med 215 fornærma. Ein manni 50-åra frå Nordland blei i november i fjor dømt til 20 års fengsel i den såkalla Omegle-saka, men anka dommen til lagmannsretten. Det blei ikkje lagt ned påstand om forvaring.

NRK - 06 dec 24 kl. 16:35

TikTok tapte ankesak om tvangssal i USA

TikTok-eigar ByteDance tapte Ankesaka mot staten i USA, og må med det selje videoappen innan 19. januar neste år for å unngå forbod, melder Reuters. Avgjerda kan bli anka vidare til høgsterett i USA.

NRK - 18 sep 24 kl. 10:40

Auka erstatningskrav i Frostating

Ankesaka mot ein mann i 40-åra frå Sunnmøre blei nyleg behandla i Frostating lagmannsrett. I vår blei han dømt til fengsel i to år og åtte månader for seksuell omgang med eit barn under 14 år. Han blei også dømt til å betale 275.

NRK - 26 aug 24 kl. 08:15

Ankesak startar i dag

I dag startar Ankesaka mot ein tidlegare lege, som er skulda for å ha massert brystvortene til ein pasient. I forfjor miste han autorisasjonen som følgje av saka, men då tingretten behandla straffesaka mot han i vår, blei han frifunnen. Påtalemakta meiner framleis at han er skuldig, og har anka saka til lagmannsretten.

NRK - 16 aug 24 kl. 15:22

Lagmannsretten skjerpar straff etter gruppevaldtekt i Molde

Ein 19-åring, som var dømt til fengsel etter ei gruppevaldtekt i Molde, har fått skjerpa straffa si i lagmannsretten. I juni blei han funnen skuldig i å ha deltatt i ei gruppevaldtekt av ei jente under 14 år utanfor Molde domkyrkje sommaren 2023. I Møre og Romsdal tingrett blei han dømt til fengsel i fem år.

NRK - 05 aug 24 kl. 11:29

Æresvald

I dag startar Ankesaka for ein familiefar frå Vestlandet som er skulda for æresvald. Tidlegare i år blei han dømt i tingretten til to års fengsel for å ha slått og trua familien. Han blei også dømd til å betale 3,8 mill i erstatning og til å halde seg borte frå heimkommunen til resten av familien.

NRK - 05 aug 24 kl. 11:29

I dag startar ankesak om æresvald

I dag startar Ankesaka for ein familiefar frå Vestlandet som er skulda for æresvald. Tidlegare i år blei han dømt i tingretten til to års fengsel for å ha slått og trua familien. Han blei også dømd til å betale 3,8 mill.

NRK - 18 jun 24 kl. 09:25

Begge ankar etter gruppevaldtektssaka

Begge dei to som er dømde for grov valdtekt og medvirkning til valdtekt av ei jente under 14 år i Molde, ankar dommen. Ein 19 år gamal mann blei dømd til fengsel i 5 år, ein 18-åring til 5 1/2 år. Forsvarar for 19-åringen, Axel Lange, seier han er usamd i dommen og vurderingane til retten, men ønskjer ikkje å utdjupe dette.

NRK - 15 feb 24 kl. 10:25

Ankesaka til Bhatti blir utsett

I dag var det planlagt ei høyring i Islamabad High Court i samband med Ankesaka til Arfan Bhatti, men dette skjedde ikkje. Grunnen var at retten måtte prioritera klagesaker frå valet. Det er ikkje kjent når saka skal haldast i retten, men ifølgje rettsadministrasjonen kan det gå to til tre veker før høyringa kan starta.

NRK - 13 feb 24 kl. 06:54

Dømd for å ha bestilt seksuelle overgrep av born- i dag startar Ankesaka

Ein mann blei i fjor dømt til 11 års fengsel i Hordaland tingrett for grove overgrep og forsøk på valdtekter mot born på Filippinane. Mannen betalte vaksne for å forgripe seg seksuelt på born under 14 år. Aktor bad om 17,5 års fengsel, medan forsvararen til mannen meinte opptil fem års fengsel var passeleg.

NRK - 02 apr 24 kl. 06:22

I dag startar Ankesaka mot valdstiltalt politimann

I juli i fjor blei ein politimann tiltalt for grov kroppskrenking og brot på tenesteplikta i Kongsberg. Han blei først frifunnen i Buskerud tingrett. Påtalemyndigheitene anka dommen.

NRK - 15 sep 23 kl. 14:30

Ankesaka til tidlegare NTNU-professor starter måndag

Måndag 18. september starter Borgarting lagmannsrett behandlinga av Ankesaka til ein tidlegare NTNU-professor, som blei dømd til 8 måneders fengsel etter å ha invitert fire iranske gjesteforskarar til universitetet. Den tidlegare professoren, som har iransk og tysk statsborgarskap, hadde ikkje klarert dette opphaldet med leiinga i forkant.

NRK - 08 nov 23 kl. 07:20

Fem år sidan «Helge Ingstad»-ulukka

– Hendinga pregar oss framleis, seier sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal, til NTB. Fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» natt til 8. november i 2018.

NRK - 17 okt 23 kl. 13:39

Lagmannsretten skal behandle anken i Kongsberg-saka

Lagmannsretten skal behandle Ankesaka mot ein politimann på Kongsberg som i tingretten blei frifunnen for vald..

NRK - 24 aug 23 kl. 11:38

Ber om 21 års forvaring for Nav-drapet

Statsadvokat May Britt Erstad ber om 21 års forvaring for tiltalte i Nav-drapet. Det kjem fram i siste dag av Ankesaka i Gulating lagmannsrett torsdag. Abdella Ahmed Haji (41) er i Hordaland tingrett tidlegare dømd til 21 års forvaring for knivangrepet på Nav Årstad i Bergen september 2021.

NRK - 08 feb 23 kl. 16:34

Dom mot Ole Ødegård vert ståande

Høgsterett vil ikkje behandle Ankesaka mot sorenskrivar Ole Ødegård. Det stadfestar informasjonsavdelinga til Høgsterett til NRK i dag. Ødegård vart først dømd i tingretten for å lyge for retten, men seinare frifunnen i lagmannsretten.

NRK - 15 aug 22 kl. 19:11

Amber Heard byter advokat

Amber Heard tilset nye advokatar i Ankesaka mot eksmannen Johnny Depp, skriv magasinet People. Det betyr at Elaine Charlson Bredehoft ikkje vil representere Heard i Ankesaka. Bredehoft var Heards advokat i den kjende rettssaka mellom ekteparet tidlegare i år.

NRK - 18 aug 22 kl. 17:54

Valdtektsdømd tatt med falsk pass

Ein 30 år gamal mann vart i dag pågripen med falsk pass når han var på veg ut av Europa, det skriv Romsdals Budstikke. Mannen vart dømd for i valdtekt av ei jente saman med to andre, men anka dommen. I dag skulle Ankesaka starte, men vedkommande var altså på veg ut av Europa.

NRK - 09 apr 22 kl. 15:52

Dømt for drapet i Møllendalsveien blir varetektsfengsla

Ein mann i 20- åra vart laurdag arrestert og varetektsfengsla i Bergen. Mannen er tidlegare dømt for medverknad til eit drap og frifunnen for eit anna i dobbeldrapssaka i Møllendalsveien i Bergen. Dommen frå Hordaland tingrett i november 2021 vart anka av både mannen og påtalemakta.

NRK - 23 maj 22 kl. 19:06

Drapsdømd krev seg lauslaten

Nattevakta som er dømd til fengsel i 17 år for dobbeltdrapet i Møllendalsveien i Bergen, krev seg lauslaten. Det kjem fram i den siste fengslingskjennelsen frå Hordaland tingrett. Ankesaka i lagmannsretten er inne i sine siste dagar.

NRK - 09 mar 22 kl. 10:20

Ambulansekaprar er dømt til 13 år forvaring

Ein mann i 30-åra er dømt til 13 år forvaring, med minstetid på 9 år, for ambulansekapringa på Torshov i Oslo hausten 2019. Det er klart etter Ankesaka i Borgarting lagmannsrett. I tingretten vart han dømt til tolv år forvaring med ei minstetid på åtte år for sju drapsforsøk.

NRK - 09 mar 22 kl. 10:20

Ambulansekaprar er dømt til 13 år i forvaring

Ein mann i 30-åra er dømt til 13 år i forvaring, med minstetid på 9 år, for ambulansekapringa på Torshov i Oslo hausten 2019. Det er klart etter Ankesaka i Borgarting lagmannsrett. I tingretten vart han dømt til tolv år forvaring med ei minstetid på åtte år for sju drapsforsøk.

NRK - 21 feb 22 kl. 16:44

Er forsikra om at dødsdom ikkje blir fullbyrda

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) seier til TV 2 at ho har hatt samtalar med presidenten i Somaliland, som har forsikra henne om at dødsstraffa mot norske Saad Jider Hayd ikkje blir fullbyrda. Hayd blei dømd til døden i Somaliland i 2020, og fekk ikkje medhald i Ankesaka i landets høgsterett..

NRK - 20 okt 21 kl. 11:10

Ankesak mot terrortiltalt startar

Ankesaka mot ein 25 år gammal mann som i tingretten blei dømd til tolv år i fengsel for medverknad til terrorangrep, startar i Borgarting lagmannsrett tysdag neste veke. I tingretten blei han frifunnen for eitt tilfelle, både tiltalte og påtalemakta anka dommen. 25-åringen nektar straffskuld..

NRK - 20 apr 21 kl. 08:41

Ber om tvungen omsorg

Forsvararen ber om tvungen psykisk omsorg for ein av dei to tiltalte i Ankesaka i Regestrand-drapssaka. I går la aktor ned påstand om 20 og 15 års forvaring i for dei to tiltalte. Sigbjørn Sveli blei drepen i desember 2019 på Regestranda..

NRK - 18 feb 21 kl. 16:06

Isaksen må instruere Nav

Stortinget sikrar no permitterte som bytta jobb under pandemien frå å miste dagpengar. Arbeidsministeren seier dette også gjeld saker under behandling i Nav, melder Adresseavisen. Det kan hjelpe Ankesaka til Malin Stavsøien, som NRK intervjua i går..

NRK - 08 maj 20 kl. 10:19

Tromsdal risikerer 11 års fengsel

Aktor ber om at den valdstiltalte finansmannen Christer Tromsdal vert fengsla i 11 år. Ankesaka mot Tromsdal går no i Borgarting lagmannsrett. Christer Tromsdal er tiltalt for å ha bestilt eit angrep på ein meddommar i ein rettssak..

NRK - 30 mar 20 kl. 16:06

Vinstrasaka: 17-åring tilrekneleg

Forsvararen til den drapsdømte 17-åringen frå Vinstra krevde ny rettspsykiatrisk vurdering før den komande Ankesaka. Den nye rapporten er no klar, skriv GD. I den konkluderast det med at guten er strafferettsleg tilrekneleg..

NRK - 10 feb 20 kl. 06:18

Ankesak om barneekteskap

I dag startar Ankesaka i samband med at ein irakisk mann blei skulda for å ha gifta seg med ei 14 år gamal jente. I tingretten blei han frikjent fordi retten trudde på at mannen ikkje visste kor ung jenta var. Statsadvokaten anka domen..

NRK - 16 dec 19 kl. 17:35

Mladic si ankesak opp i mars

Ankesaka til den bosnisk-serbiske dømte krigsforbrytaren Ratko Mladic skal opp i Krigsforbrytardomstolen i Haag i mars 2020. Mladic blei i 2017 dømt til livstid i fengsel for si rolle under krigen i Bosnia av ein domstol for det tidlegare Jugoslavia..

NRK - 27 okt 19 kl. 10:35

Ankesak etter drap i Asker

To menn på 30 og 36 år møter tysdag i Borgarting lagmannsrett, tiltalt for drap på eit tidlegare medlem av deira dåverande MC-klubb i Asker. Lagmannsretten skal behandle Ankesaka frå 29. oktober til 21.

NRK - 09 okt 19 kl. 06:03

Ankesak etter drap i Marokko

Ankesaka mot dei 24 mennene som er dømt i forbindelse med drapa på Maren Ueland og Louisa Jespersen, held fram i Marokko i dag. Retten i Salé i Marokko valgte 25. september å utsette rettssaka på grunn av mangel på tolk..

NRK - 21 mar 19 kl. 12:08

Drapstiltalt kvinne innrømmer løgn

Sjubarnsmora som står tiltalt for drap på sin far og ekssambuar innrømmer at ho laug om at det svartna for ho den kvelden eksen vart drepen. Ankesaka held på no, og kvinna har i motsetnad til førre rettsrunde vald å gje retten ei forklaring..

NRK - 05 mar 19 kl. 10:40

Ber om fem og eit halvt års fengsel

Aktor ber om fengsel i fem og eit halvt år i Ankesaka mot legen som er tiltalt for aktlaust drap på sambuaren Anne Linell Sundt (39) i 2014. I Oslo tingrett vart 60-åringen dømt for aktlaust drap for ikkje å ha hindra kvinna i å ta overdose..

NRK - 22 jan 19 kl. 21:07

Stavanger legg Hanne-saka på vent

Stavanger kommune vil framleis flytte autisten Hanne Hjorteland tilbake til eit av sine bufellesskapa sine, stadfesta kommunaldirektør Eli Karin Fosse i dag. Kommunen vil ikkje gjere meir før Ankesaka er handsama av lagmannsretten i mars..

NRK - 17 sep 18 kl. 11:53

Huskappar-anke opp for retten

Arne Vigeland vart i tingretten dømt til 120 dagar i fengsel for å ha kappa uthuset til naboen i to på Nesøya i Asker. Tysdag startar Ankesaka. Den mykje omtalte huskappinga skjedde i 2014..

NRK - 11 jun 18 kl. 13:03

Anke i terrorsak startar tysdag

Ankesaka til verdalingen Kristian Michelsen som vart dømd for terrordeltaking i Syria, startar i Borgarting lagmannsrett tysdag. Mannen nektar straffskuld på alle punkt. I fjor vart han dømd til 7,5 års fengsel i tingretten..

NRK - 16 mar 18 kl. 10:17

Spiralnekt hamnar i Høgsterett

Høgsterett skal behandle Ankesaka mellom Sauherad kommune og den katolske legen Katarzyna Jachimowicz. Begge partar har anka dommen. Legen mista jobben i Sauherad for å nekte å setje inn spiral.

NRK - 16 mar 18 kl. 07:45

Ankar Dokka-drapet til Høgsterett

Kvinna og sonen hennar, som blei dømde for kroppskrenking og grov kroppsskade etter drapet på Nils Olav Bakken i 2016, får Ankesaka si opp for Høgsterett. Bakken blei funnen død og forbrent i Søndre Land i Oppland. Ein mann er dømd for drapet..

NRK - 16 mar 18 kl. 07:17

Presthus blir aktor i Jensen-anke

Sjef for Spesialeininga for politisaker, Jan-Egil Presthus, blir aktor i Ankesaka mot Eirik Jensen, skriv NTB. Forsvararane til Jensen stiller spørsmål ved habiliteten til Presthus, noko han sjølv avviser. Han er aktor saman med Guro Glærum Kleppe..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com