Forbode
Nyheter om Forbode
Nektar straffskuld for overgrep
Mannen som er tiltalt for grove overgrep mot fleire barn, sa seg ikkje skuldig i dei grovaste punkta då saka mot han starta i Sunnmøre tingrett mandag. Det mest alvorlege tiltalepunktet gjeld fleire fysiske valdtekter mot eit barn under 14 år. Det er til saman seks fornærma i saka, frå ulike stader i landet.
Aktivistgruppa Palestine Action vinn rettssak i Storbritannia
Britisk regjering braut loven då dei stempla den propalestinske gruppa Palestine Action som ein terrororganisasjon, ifølgje ein britisk domstol, skriv AFP. Sommaren 2025 blei aktivistgruppa Forbode i Storbritannia etter anti-terrorlovgivinga. Det reagerte Palestine Action på, og saka hamna i retten.
Aktivistgruppa Palestine Action vann rettssak i Storbritannia
Britisk regjering braut loven då dei stempla den propalestinske gruppa Palestine Action som ein terrororganisasjon, ifølgje ein britisk domstol, skriv AFP. Sommaren 2025 blei aktivistgruppa Forbode i Storbritannia etter anti-terrorlovgivinga. Det reagerte Palestine Action på, og saka hamna i retten.
Israel: Forbod mot hjelpeorganisasjonar vil ramme 37 aktørar i Gaza
Israel seier at Forbode mot humanitære organisasjonar som arbeider i Gaza vil ramme totalt 37 organisasjonar, melder AFP. Tidlegare har dei sagt at Forbodet ville gjelde rundt 25 organisasjonar. Blant organisasjonane som vil bli nekta høve er Leger Uten Grenser, FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (Unrwa) og Care.
Stor demonstrasjon mot AfD i liten tysk by
Vest i Tyskland er det venta opp mot 50.000 demonstrantar i byen Giessen med kring 75.000 innbyggjarar i dag.
Kontroll avdekka ulovlege stoff i smykke
I ein kontroll gjennomført av Miljødirektoratet, avdekka dei at eitt av fire smykke inneheld ulovlege helse- og miljøfarlege stoff, opplyser dei i ei pressemelding. – Det er alvorleg at så mange av smykka som er testa, inneheld Forbode helse- og miljøfarlige stoff. Regjeringa er opptatt av at norske forbrukarar blir tilbydd trygge produkt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
EU uroa over pågripingar av pro-palestinske aktivistar i Storbritannia
EU-rådet er uro over det store talet personar som er pågripne i Storbritannia for å støtte den Forbode organisasjonen Palestine Action, melder NTB. EU-rådet sin menneskerettskommissær Michael O'Flaherty opplyser i eit brev til den britiske innanriksministeren at den britiske regjeringa bør gjennomføre ein «grundig gjennomgang» av handteringa av demonstrantar i organisasjonen..
NHO klagar på reklameforbod
NHO Mat og Drikke klagar reklameForbodet for usunn mat og drikke enn for overvakingsorganet ESA, fordi dei meiner Forbodet bryt med EØS-avtalen. Forbodet trer i kraft seinare i oktober, og det blir då Forbode med reklame for godteri, brus, is og energidrikk som er retta mot barn under 18 år. Til E24 seier direktør Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke at Forbodet går for langt, og at regelverket er for uklårt.
Skal ha hoppa frå Trollveggen
5. september skal fleire basehopparar ha hoppa frå Trollveggen i Romsdal. Det viser ein video som ein tipsar har sendt inn til VG.
Vil forby barn å bruka hijab offentleg
Partiet til den franske presidenten Emmanuel Macron har kome med eit forslag om å forby barn under 15 år å bruka det religiøse hovudplagget hijab offentleg. Forslaget kjem etter at ein rapport seier islamisme kan truga det franske samfunnet. Partiet til Macron vil også gjera det Forbode for foreldre å tvinga barn til å gå med hijab.
Noreg fordømmer angrep mot naudhjelpskolonne i Sudan
Utviklingsminister Åsmund Aukrust fordømmer angrepet mot ein naudhjelpskolonne frå FN i Darfur-regionen i Sudan. – Angrep på naudhjelpsarbeidarar er Forbode etter humanitærretten. Partane i konflikten har lagt store hindringar for naudhjelpsarbeidet, seier han i ei pressemelding.
Stortinget einige om rusreform
Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre og SV har blitt einige om ny rusreform. Narkotika er framleis Forbode, men i dei mindre alvorlege sakene blir straffa ei bot. Lovbrotet kjem ikkje på rullebladet, og dei som ikkje godtek bota, blir sende til rådgjeving..
Ungarn vedtok grunnlovsendring
Nasjonalforsamlinga i Ungarn vedtok måndag grunnlovsendringa at det berre finst to kjønn for nyfødde, gut og jente, melder AFP. Vedtaket blir av kritikarar sett på som eit angrep på rettane til skeive. Ungarn har tidlegare også Forbode pride-paradar.
Trump kallar Sumy-åtak forferdeleg
Minst 34 menneske blei drepne i eit russisk rakettåtak mot den ukrainske byen Sumy søndag. Måndag morgon norsk tid kommenterer den amerikanske presidenten åtaket: – Eg synest det var forferdeleg. Og eg blei fortalt at dei gjorde ein feil.
Opphevar overnattingsforbod i Bergen
Statsforvaltaren i Vestland slår fast at byrådet sitt forslag om overnattingsforbod i Bergen var for dårleg greia ut og dermed ulovleg. Det skriv Bergens Tidende. Forslaget gjekk ut på at det skulle bli Forbode med overnatting i offentlege parkar, friområde, vegar og plassar.
TikTok: – Mellombels utilgjengeleg
Videodelingsappen TikTok skriv laurdag i ei melding til amerikanske brukarar at appen blir «mellombels utilgjengeleg» i USA som følge av lova som har gjort appen Forbode i landet. Det melder Reuters. Skyselskapet Oracle, som husar datalagringa til TikTok i USA, seier at dei har byrja å førebu seg på å skru av serverane, ifølgje nyheitsbyrået..
Høgsterett: Forbyr MC-klubben Satudarah
Høgsterett har kome fram til at Satudarah MC er ei kriminell samanslutning, og er Forbode, skriv dei i ei pressemelding. Dei stadfestar med det avgjerda til tingretten. Motorsykkelklubben er også Forbode i Tyskland og Nederland.
TikTok ankar sak om tvangssal til høgsterett i USA
TikTok-eigar ByteDance ankar saka mot staten i USA til høgsterett i landet, melder Reuters. Ein ankedomstol avgjorde fredag at ByteDance må selje TikTok blir Forbode i USA dersom videoappen ikkje blir selt innan 19. januar.
Politiet er på Bjerkvik etter fotografering på militæranlegg
Politiet i Nordland er på Forsvarets kaiannlegg på Bjerkvik i Narvik. Der skal to utanlandske statsborgarar ha oppholdt seg og fotografert på eit Forbode område. Ein politipatrulje er på staden saman med personell frå Forsvaret der dei to personane er anholdt og kor politiet skal finne ut av kva dei dreiv med, seier operasjonsleiar Yngvar Fredriksen..
Finland vil forby russarar å kjøpe eigedom i landet
Regjeringa i Finland sender måndag ut eit forslag på høyring som i praksis forbyr russiske statsborgarar og organisasjonar å kjøpe eigedom i Finland, melder NTB. Regjeringa håper å kunne legge fram eit lovforslag for Riksdagen allereie i år. Forslaget går ut på å gjere det Forbode å kjøpe eigedom for personar eller verksemder som EU meiner krenker ein annan stats territorielle integritet, suverenitet og sjølvstende, og der heimlandet er ein trussel mot Finlands nasjonale tryggleik..
Tyskland vil skjerpe knivkontrollane etter åtak
Nancy Faeser, innanriksministeren i Tyskland, seier at regjeringa vil skjerpe knivkontrollane og avgrense støtta til ulovlege innvandrarar, melder AFP. Dette skjer etter eit knivåtak i byen Solingen førre veke, som har fått debatten om asyl og deportasjon av ulovlege innvandrarar til å blussa opp i landet. – Å bere knivar vil i dei fleste tilfelle vere Forbode på festivalar, sportsarrangement og anna liknande arrangement, sa Faeser.
Tyskland forbyr muslimsk organisasjon
Tyske styresmakter har Forbode ein muslimsk organisasjon og skuldar dei for islamistisk ekstremisme. Både Det islamske senteret i Hamburg (IZH) og tilknytte grupper blir forbodne, opplyser innanriksdepartementet i ei pressemelding onsdag. Onsdag morgon var 53 lokale knytt til organisasjonen ransaka av styresmaktene.
USA uroa etter at Israel stengde videooverføringa til AP
Det kvite hus seier dei er uroa etter at Israel tysdag kutta live-overføringa til det amerikanske nyheitsbyrået AP frå Gaza, melder AFP. – Det er openbert urovekkande, og vi vil sjå på det, sa pressesekretær Karine Jean-Pierre til reporterar som reiste med president Joe Biden til New Hampshire. Ho seier Det kvite hus meiner journalistar både har evner og fridom til å gjere jobben sin.
I dag startar bålForbodet
Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.
Botswana vil sende 20.000 elefantar til Tyskland
Regjeringa i Botswana trugar med å sende 20.000 elefantar til Tyskland etter at den tyske regjeringa tok til orde for å stramme inn regelverket for innføring av jakttrofear, skriv BBC. Botswana seier dei er avhengige av å skyte eller eksportere dyr for å halde den store bestanden i landet i sjakk.
E24: Ola Svenneby vil forby TikTok i Noreg
Unge Høgre-leiar, Ola Svenneby, meiner TikTok burde blir Forbode i Noreg. Det seier han til E24. Svenneby meiner appen kan vera ein trugsel mot nasjonal sikkerheit, og ynskjer at partiet hans skal gå inn for eit totalforbod mot TikTok på landsmøtet deira i juni.
EU einige om å avgrense bruk av plastemballasje
Måndag kveld blei EU einige om å forby plastemballasje på frukt og grønt i daglegvarebutikkar. Det skal også bli Forbode med små ketchup-posar i plast på restaurantar og små sjampoflasker på hotell. Målet er å få ned bruken av plast som ikkje kan brukast om att.
Kina trappar opp Taiwan-patruljering
Kina seier at dei skal trappa opp patruljering i farvatn nær Taiwan etter ei ulukke der to kinesiske fiksarar drukna. Fiskebåten med fire personar blei onsdag forfølgt av ein båt av Taiwans kystvakt då han kantra. To personar overlevde og er i Taiwans varetekt.
Meyer ville forby fyrverkeri – men heile bystyret nekta
Byrådet i Bergen føreslo at bystyret i dag skulle vedta forbod mot fyrverkeri i sentrumsområdet, etter kaoset og skadene i sentrum den siste nyttårsaften. Men då debatten om nye politivedtekter for Bergen var over, vedgjekk byrådsleiar Christine Meyer (til høgre) like før avstemminga at politiet meiner bystyret ikkje har høve til å vedta dette. Meyer ønska likevel at byrådet skulle gjera vedtaket «og sjå korleis det går».
Abort på Færøyane er ulovleg - no skal det endrast
Regjeringa på Færøyane har foreslått at abortlova skal endrast. No skal kvinner få fri abort til utgangen av 12. graviditetsveke.
Vil gjere Frankrike røykfritt
Den franske regjeringa sa tysdag at dei ville forby røyking på alle strendene i landet, i offentlege parkar og skogar og i nærleiken av skular. – Frå no av vil røykfrie område vere norma,sa helseminister Aurelien Rousseau til journalistar på ein presentasjon av antirøykeprogrammet til regjeringa. Skattane på tobakk skal også aukast og waping skal bli Forbode.
Reiselivsselskap fekk bot for segling i Forbode område
Sysselmeisteren på Svalbard har gjeve eit reiselivsselskap ei bot på 100.000 kroner for brot på ferdselsForbodet i fuglereservatet ved Gåsøyane i Isfjorden på Svalbard, melder NTB. Selskapet har vedteke bota..
Barth Eide til VG: – Bekymra over rapportane
– Djupt bekymra over rapportar mot angrep mot sjukehus i Gaza med store sivile tap i kveld. Sjukehus skal beskyttast i samsvar med internasjonal humanitærrett og angrep mot dei er Forbode, skriv utanriksminister Espen Bart Eide til VG..
Barth Eide til NRK: – Bekymra over rapportane
– Djupt bekymra over rapportar mot angrep mot sjukehus i Gaza med store sivile tap i kveld. Sjukehus skal beskyttast i samsvar med internasjonal humanitærrett og angrep mot dei er Forbode, skriv utanriksminister Espen Bart Eide til NRK..
Nestleiar i Høgre går gjennom tidslina for transaksjonshistorikken
Trass Finnes sine aksjekjøp har Henrik Asheim og sentralstyret i Høgre framleis tillit til Erna Solberg som partileiar. I Politisk kvarter seier Henrik Asheim at både han og sentralstyret har framleis tillit til Erna som partileiar. – Bakgrunnen for dette er først og fremst at Finnes har vore uærleg.
Nestleiar i Høgre: Vi har ikkje heldt dette hemmeleg
I Politisk kvarter seier Henrik Asheim at både han og sentralstyret framleis har tillit til Erna som partileiar, trass Sindre Finnes sine aksjekjøp. – Bakgrunnen for dette er først og fremst at Finnes har vore uærleg. Det har aldri vore Forbode for ektefellar å handle aksjar, og difor rokkar ikkje dette ved tilliten til Erna Solberg, seier Asheim.
EU-parlamentarikarar vil forby pelsoppdrett
Oppdrett av pelsdyr bør bli Forbode i EU, foreslår tre politikarar frå venstreblokka i EU-parlamentet. Dei viser til at 14 EU-land allereie heilt eller delvis har innført forbod mot oppdrett. Innan utgangen av 2023 skal EU-kommisjonen komme med si vurdering av forslaget, og om dette bør bli ein del av EUs felles lovgjeving..
Seks land har Forbode Easee sine ladeboksar
Seks land i Europa har nå innført salsforbod for to av ladeselskapet Easee sine ladeboksar. Eesee har hovudkontor i Sandnes. Desse landa er Belgia, Nederland, Danmark, Island og Austerrike, skriv Teknisk Ukeblad.
Lupinen rykker nærare Jotunheimen
Den framandartlista blomen klatrar opp mot Jotunheimen nasjonalpark. – Det er dramatisk, og tragisk, meiner Naturvernforbundet. Sidan 2007 har lupinen vore på framandartlista i Noreg.
Russland kan forby kjønnsstadfestande kirurgi
I Russland er det lagt fram eit lovforslag om forbod mot kjønnsstadfestande kirurgi, ifølgje det statlege nyheitsbyrået Tass. I samsvar med forslaget vil det bli Forbode for helsearbeidarar «å utføre medisinske inngrep som har som føremål å endre ein persons kjønn», skriv Tass. Det skal bli gjort unntak for kirurgisk behandling av misdanningar i kjønnsorgana hos barn.
Her vil byrådet nekta deg å mata fuglar – men med eitt unntak
Byrådet ber no bystyret om å vedta ei eiga forskrift som skal gjera det enklare å halda rottebestanden i Bergen sentrum i sjakk. Forskrifta inneber at det vil bli Forbode å mata dyr i eit avgrensa område der rottebestanden er stor, for å hindra rottene sin tilgang på mat der. Innanfor den gule sirkelen på biletet, på Festplassen ved Lille Lungegårdsvann, skal det framleis vera lov å mata fuglane.
Fleire døde i Kongo etter kollaps i diamantgruve
Seks menneske mista livet då ei diamantgruve kollapsa i provinsen Kasai i Kongo, melder AFP. Dei døde var uautoriserte gravarar som hadde teke seg inn på eit område der gruvedrift var Forbode, seier viseguvernør Gaston Nkole til nyheitsbyrået. Han seier hendinga vil bli etterforska..
Utdanningsaktivist er arrestert i Afghanistan
Forkjemparen for jenter sine rett til skulegang i Afghanistan, Matiullah Wesa, har blitt pågripen og arrestert i den afghanske hovustaden Kabul av Taliban på måndag, ifølge broren hans og FN. Det melder nyheitsbyrået AFP. Ifølge broren blei han pågripen utanfor ein moske etter bøna måndag ettermiddag.
FN: Utdanningsaktivist arrestert i Afghanistan
Forkjemparen for jenter sine rett til skulegang i Afghanistan, Matiullah Wesa, har blitt pågripen og arrestert i den afghanske hovudstaden Kabul av Taliban på måndag, ifølge broren hans og FN. Det melder nyheitsbyrået AFP. Ifølge broren blei han pågripen utanfor ein moske etter bøna måndag ettermiddag.
Det britiske parlamentet blokkerer TikTok
Parlamentet i Storbritannia vil blokkere TikTok på alle tenestetelefonar og einingar i parlamentet, og på alle einingar som er kopla på parlamentets nettverk. Grunnen er cybertryggleik, melder Reuters. I førre veke blei den britiskeigde appen Forbode på tenestetelefonane til den britiske regjeringa..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
