Turistar

Sunday, 13 September, 09:49

Nyheter om Turistar

NRK - 28 jul 26 kl. 10:53

Redningsaksjon etter to Turistar i Breheimen i Luster

Politiet og Hovudredningssentralen har rykt ut med store ressursar etter to utanlandske Turistar som ikkje møtte opp til avtalt tidspunkt på Nørdstedalseter i Breheimen i Luster i går. Redningshelikopter, politihelikopter, politipatrulje og frivillige har rykt for å leite etter turistane. – Dei kan vere i eit område utan dekning og trenge hjelp, eller så kan dei ha gått ut av området på grunn av dårleg vêr, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jørgen Ommedal..

NRK - 26 aug 26 kl. 12:33

Fleire døde etter jordskred i Nepal

Minst åtte personar er døde etter ein flaum og jordskred i Nepal, melder politiet i landet, ifølge Reuters. Fleire er sakna i flaumen. Blant dei er 384 Turistar.

NRK - 10 jun 26 kl. 08:37

Sett i gang redningsaksjon etter at Turistar meldte om problem i fjellet i Aurland

Politiet har kalla ut frivillige mannskap for å hjelpa eit turfølge ned frå Vardafjellet i Aurland, opplyser Vest politidistrikt. – Me har fått beskjed frå eit turfølge, truleg på to utanlandske Turistar, at dei trengde hjelp. No er me i gang med å kalla ut mannskap, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.

NRK - 10 aug 26 kl. 12:06

Redningsaksjon på Hardangervidda

Det er sett i gang ein redningsaksjon i området Berakupen på Hardangervidda, opplyser politiet. Utanlandske Turistar har ringt inn og sagt at dei er kalde og treng hjelp. Det er dårleg dekning i området og samtala vart broten før politiet fekk ein lokasjon på turistane, opplyser Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

NRK - 26 apr 26 kl. 21:34

Helikopter hentar Turistar på Gullfjellet

Klokka 20.24 blei det meldt om fire vaksne, utanlandske Turistar med problem på Gullfjellet i Bergen/Samnanger. – Dei står fast og kjem seg verken opp eller ned, etter å ha aka seg eit stykke nedover på snø.

NRK - 26 apr 26 kl. 21:34

Helikopter henta Turistar på Gullfjellet

Klokka 20.24 blei det meldt om fire vaksne, utanlandske Turistar med problem på Gullfjellet i Bergen/Samnanger. – Dei står fast og kjem seg verken opp eller ned, etter å ha aka seg eit stykke nedover på snø.

NRK - 06 jun 26 kl. 16:34

VG: Fly med norske Turistar måtte naudlande i Athen

Eit fly måtte naudlande i Athen på grunn av problem med trykk i kabinen, skriv VG. Flyet var på veg til Stavanger frå Rhodos på laurdag ettermidag, opplyser flyselskapet Norwegian til avisa. Passasjerane er fjerna frå flyet og flyselskapet jobbar med å finne alternative løysingar..

NRK - 18 feb 26 kl. 08:40

Færre Turistar til Japan for første gong på fire år

Talet på besøkande til Japan fall med 4,9 prosent i januar samanlikna med året før, melder Reuters. Nedgang er den første på fire år, viser tal frå myndigheitene. Dette skjer etter at kinesiske Turistar sidan november har blitt bedne om å ikkje reise til Japan.

NRK - 16 mar 26 kl. 11:09

Det kan bli 300 kroner i bompengar for å køyre Trollstigen

Onsdag skal Samferdselsutvalet møtast for å mellom anna diskutere finansieringa for å utbetre og sikre Trollstigen. Den nasjonale turistvegen blir kvart år besøkt av tusenvis av Turistar. Dei siste åra har vegen blitt stengt fleire gonger på grunn av rasfare.

NRK - 27 dec 25 kl. 14:15

Fire Turistar sakna etter båtforlis i Indonesia

Fredag sokk ein turistbåt utanfor øya Padar i Indonesia. Elleve personar var om bord i båten – fire er sakna, melder NTB. Ein spansk mann og hans tre barn er sakna.

NRK - 19 dec 25 kl. 16:47

Vil ta betalt for inngang til Trevi-fontena

Turistar som ønsker å sjå Trevi-fontena i Roma på nært hald, må betale to euro i inngang, seier ordførar Roberto Gualtieri, ifølge AFP. Fontena er eit populært turistmål, og ligg på eit offentleg torg. Det skal framleis vere mogeleg å sjå fontena gratis på avstand, men for dei som ønsker å vere tett på, må ein betale inngangspengar..

NRK - 01 dec 25 kl. 10:14

Rekordnivå for norske hotell

Utanlandske Turistar strøymer til norske hotell, og omsetninga har nådd rekordnivå i tredje kvartal. Det viser tal frå Wieder-straum Hotel Consultings rapport, laga i samarbeid med NHO Reiseliv. Talet på utanlandske hotell-gjestedøgn auka med over 19 prosent frå i fjor, og ligg nær 30 prosent over 2023-nivået, skriv E24.

NRK - 09 aug 25 kl. 18:49

To Turistar fast i fjellet

Raudekrossen-mannskap er på veg frå Flåm for å bistå to Turistar som har gått seg fast i fjellet i Aurland, melder Vest politidistrikt..

NRK - 05 okt 25 kl. 14:22

Nesten 1000 personar vêrfaste i Mount Everest

Nær 1000 personar sit fast på den tibetanske sida av Mount Everest på grunn av ein kraftig snøstorm, rapporterer kinesiske medium, ifølge Reuters. Snøen har blokkert vegane til fleire leirplassar på 4900 meters høgde. Redningsarbeidarar jobbar no med å få rydda vegane, slik at ein får evakuert turistane.

NRK - 03 jul 25 kl. 13:50

5000 Turistar evakuerte på Kreta

Terrengbrannar på sørkysten av Kreta har ført til evakuering av 5000 Turistar. Terrengbrannane spreier seg raskt på grunn av kraftig vind. Brannvesenet har ikkje kontroll over brannane.

NRK - 21 maj 25 kl. 09:45

Turistane strøymer til Japan

Talet på utanlandske Turistar i Japan var heile 28,5 prosent høgare i april enn i same månad året før. Det viser tal frå styresmaktene. I alt vitja 3,9 millionar Turistar Japan i april i år.

NRK - 01 jul 25 kl. 11:40

Hetebølga i Frankrike når truleg toppen tysdag

Det er meldt om temperaturar på over 40 grader i dei varmaste områda i landet. Paris sende ut raudt farevarsel. 1350 skular er stengd.

NRK - 16 jun 25 kl. 18:43

Michelin-stjerne til to bergensrestaurantar

Restaurantane Omakase by Sergey Pak og Gaptrast får tildelt kvar si Michelin-stjerne. Det vart klart under presentasjonen av den nye utgava av den nordiske Michelin-guiden måndag kveld. Brødrene Vladimir og Sergey Pak står bak fine dining-restauranten Omakase, som ligg i Domkirkegaten.

NRK - 13 apr 25 kl. 06:34

Færre vesteuropearar vil besøke USA

I mars i år var det 17 prosent færre Turistar samanlikna med same månad i fjor, ifylgje Financial Times. Tala det blir vist til er frå International Trade Administration. Truleg er det den amerikanske presidenten som skremmer vekk dei europeiske turistane, ifylgje avisa.

NRK - 12 jun 25 kl. 15:55

Buss i fjellveggen i Stryn

Ein turistbuss har køyrd i fjellveggen i Oppljostunnelen i Stryn. Det skal vere fleire Turistar ombord. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

NRK - 14 apr 25 kl. 04:49

Helikopterselskap legg ned etter styrt

Selskapet New York Helicopter Tours legg ned drifta etter styrten i Hudson-elva torsdag. Det opplyser amerikansk luftfartstilsyn, ifylgje Reuters. – Vidare vil vi med det same starte tilsyn av operatøren sitt løyve og tryggleikshistorikken, skriv tilsynsorganet på X.

NRK - 13 okt 24 kl. 16:01

Store demonstrasjonar i Spania

Rundt 12.000 menneske demonstrerte for billegare bustader i Madrid søndag, melder Reuters. Mange i Spania kjenner seg pressa ut av bustadmarknaden fordi mange bustader blir brukte til utleige til Turistar.

NRK - 02 jul 24 kl. 07:07

Over 70 evakuerte frå Kos etter brann

Ein stor skogbrann på ferieøya Kos i Hellas har ført til at Turistar blir evakuerte. Reiseselskapet TUI seier til NRK at dei har evakuert 40 norske Turistar i løpet av natta. Det vil seie at over 70 norske Turistar er evakuerte til no..

NRK - 02 jul 24 kl. 07:07

Over 70 bedt om å evakuere frå Kos etter brann

Ein stor skogbrann på ferieøya Kos i Hellas har ført til at Turistar blir evakuerte. Reiseselskapet TUI seier til NRK at dei har evakuert 40 norske Turistar i løpet av natta. Det vil seie at over 70 norske Turistar er bedt om evakuere til no.

NRK - 23 aug 24 kl. 09:34

Turistar tekne av jordskred i Thailand

Fem personar har mista livet i eit jordskred på øya Phuket i Thailand, skriv NTB. To av dei døde er Turistar frå Russland. Dei tre andre er ikkje enno identifiserte.

NRK - 12 aug 24 kl. 11:17

Stor utanlandstrafikk i sommar

4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli, skriv Avinor i ei pressemelding. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av utanlandske Turistar til Noreg.

NRK - 03 aug 24 kl. 15:09

Turistar treft av lynet i Italia

Minst tre menneske er skadde etter at eit lyn slo ned ved ei badestrand som var fullpakka med Turistar, melder AFP. Hendinga skjedde nær byen Alba Adriatica i Abruzzo-regionen. Ein av dei skadde er frakta til sjukehus med helikopter..

NRK - 27 aug 24 kl. 08:23

Sakna Turistar henta med helikopter

Eit helikopter har no henta ut dei to franske turistane som seint måndag kveld hadde gått seg ville ved Rembedalsvatnet i Eidfjord. Dei to er noko medtekne, kalde og våte, men elles i god for opplyser politiet. Dei to vert no overtatt av ambulanse.

NRK - 16 aug 24 kl. 13:38

Det europeiske smittevernbyrået hevar risikoen for m-koppar

Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) hevar risikonivået for m-koppar frå låg til moderat. Dei ber også om at land følge nøye med på Turistar som kjem frå ramma område. – På grunn av dei tette banda mellom Europa og Afrika må vi vere budde på fleire importerte tilfelle, seier ECDC-sjef Pamela Rendi Wagner, melder NTB..

NRK - 14 aug 24 kl. 06:40

Hjelpemannskap på veg til Aurlandsdalen etter melding om Turistar som er dårlege etter soppmåltid

Klokka 03.22 natt til onsdag vart Vest politidistrikt kontakta av ein utanlandsk turist som var på telttur i Aurlandsdalen. – To i eit turfølgje på fire kjende seg dårlege etter å ha ete sopp, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Ingrid Teigland Tepstad.

NRK - 12 aug 24 kl. 22:02

Leita etter to personar i robåt

Hovudredningssentralen søkte måndag kveld etter ein robåt med to utanlandske Turistar i Sognefjorden. Dei skal ha dratt ut frå Leikanger i løpet av måndag i ein båt utan motor. Redningsskøyte, brannbåt og redningshelikopter var med i søket.

NRK - 12 aug 24 kl. 16:48

13-åring omkom etter å ha hamna i elv i Kvinnherad

Barnet hamna i Bondhuselva i Kvinnherad i Vestland måndag føremiddag. Etter ein omfattande redningsaksjon vart 13-åringen frakta til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, men vart erklært død på sjukehuset, melder politiet. Barnet var med sine pårørande.

NRK - 07 aug 24 kl. 07:22

Redningsaksjon av to klatrarar på Storen

Ein redningsaksjon er i gang på fjellet Store Skagastølstind i Luster, der to klatrarar har kome ut av stien. Dei er på om lag 2200 meter høgd. Det skal vere to utanlandske Turistar, ein mann og ei kvinne.

NRK - 25 maj 24 kl. 13:06

Frankrike: Hentar heim Turistar frå Ny-Caledonia

Militærfly hentar heim Turistar frå Ny-Caledonia, skriv NTB. Turistane blir flogne vidare til Frankrike med kommersielle fly. Flyplassen i hovudstaden Nouméa er stengd etter uroa som blussa opp førre veke, på grunn av ei ny lovendring i det franske stillehavsterritoriet.

NRK - 25 jul 24 kl. 07:25

Canada: Fleire tusen evakuerte på grunn av skogbrann

Det er meir enn 175 skogbrannar i provinsen Alberta, opplyste Alberta Wildfire i går kveld. Provinsen har sendt ut naudvarsel. Jasper nasjonalpark, vest i Canada, blei evakuert seint måndag kveld.

NRK - 16 apr 24 kl. 11:09

Widerøe: Foreslår eigne flyprisar for Turistar

Widerøe foreslår å gjere forskjell på prisane for fastbuande og Turistar på anbodsruter, melder NTB. Nyleg blei prisane på statsstøtta flyruter, dei såkalla FOT-rutene, halvert. Etter dette har Widerøe merka at fleire ferie- og fritidsreisande kjøper billettar til dei mest populære avgangane, seier Widerøes kommunikasjonsrådgivar Lina Lindegaard Carlsen til Brønnløysunds Avis.

NRK - 18 maj 24 kl. 10:47

AFP: Talet på drepne i turistangrep i Afghanistan

Talet på drepne i eit angrep på Turistar i Afghanistan har stige til seks, ifølge afghanske styresmakter, melder AFP. I tillegg til dei drepne, blei fleire skadde. Blant dei ein nordmann, stadfestar UD.

NRK - 09 feb 24 kl. 13:42

Strammar inn for turistane

Regjeringa skjerpar miljøreglane på Svalbard. Cruiseskipa får ikkje ha meir enn 200 passasjerar om bord i verneområda, og dyrelivet skal skjermast endå meir. I verneområda blir det no lov å setje Turistar i land på 43 utvalde stader.

NRK - 23 aug 23 kl. 14:12

Turist sakna i Luster

Politi og frivillige er på veg mot Nørdstedalen i Luster der ein turgåar er sakna. Politiet fekk like over klokka 12 melding om to utanlandske Turistar som kom vekk frå kvarandre. Den sakna er ein mann i 60-åra, opplyser politiet på Twitter..

NRK - 24 jul 23 kl. 15:37

TUI set inn ekstra fly for hente Turistar heim frå Rodos

Det skriv Reuters som siterer reisearrangøren. Selskapet opplyser også om at 300 tilsette vil bli verande på øya..

NRK - 24 jul 23 kl. 15:37

TUI set inn ekstra fly for hente Turistar heim

Det skriv Reuters som siterer reisearrangøren. Selskapet opplyser også om at 300 tilsette vil bli verande på øya. Sidan 17.

NRK - 14 jul 23 kl. 12:40

Hellas stenger ned Akropolis for å beskytte Turistar mot hetebølga

Hellas, saman med ei rekke andre europeisk land, er no råka av ei hetebølge. Det nasjonale vêrbyrået i Hellas meldte fredag om temperaturar opp mot 41 grader. Nyheitsbyrået Reuters skriv i dag at Hellas no har bestemt å stenge ned Akropolis i nokre timar fredag for å beskytte besøkande mot varmen.

NRK - 14 jul 23 kl. 12:40

Hellas stenger ned Akropolis for å beskytte Turistar mot varmen

Hellas, saman med ei rekke andre europeisk land, er no råka av ei hetebølge. Det nasjonale vêrbyrået i Hellas meldte fredag om temperaturar opp mot 41 grader. Nyheitsbyrået Reuters skriv at Hellas no har bestemt å stenge ned Akropolis i nokre timar fredag for å beskytte besøkande mot varmen.

NRK - 11 jul 23 kl. 09:48

Seks omkom i helikopterstyrt i Nepal

Seks menneske, blant dei fem mexicanske Turistar, mista livet i ei helikopterulukke nær Mount Everest i Nepal. Helikopteret blei meldt sakna tysdag. Ein tilsett ved flyplassen i Katmandu seier dei har funne fem av dei seks som var om bord.

NRK - 22 dec 22 kl. 09:18

Fleire utanlandske Turistar overnatta i Noreg

Norske hotell sørgde for overnatting til 34 prosent fleire utanlandske Turistar i november i år samanlikna med i fjor. Talet på overnattingar ved hotell og andre overnattingsverksemder auka med 3 prosent frå november i fjor til november i år. Oppgangen kjem av ein auke av i utanlandske overnattingar på heile 34 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com